a
Logo for Femundsmarka nasjonalpark
a

Meny

Velkomen til Jostedalsbreen nasjonalpark!

Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og den største kvite flekken du ser på norgeskartet!

Isbrear utgjer om lag halvparten av arealet i nasjonalparken, som elles kjenneteiknast av tronge, frodige dalar og vatn i fri flyt som sprudlande fossar og elvar.

Kontakt oss

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: jostedalsbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Hjort foran bre.

Om nasjonalparken

Jostedalsbreen nasjonalpark er av dei største områda med villmark i Sør-Norge.
Breen er omgjeve av eit mektig landskap med store kontrastar innan korte avstandar og byr på naturopplevingar du seint vil gløyme.

arrow-r

Opplevingar og aktivitetar

Eit møte med isbreen gir minne for livet!

Å spenne på seg stegjarn og kjenne på breisen er noko heilt eige. Nasjonalparken er også fin å utforske med ski på beina. Eller vil du heller rusle ein tur inn ein frodig stølsdal og nyte stilla? Nasjonalparken er tilrettelagt for alle brukargrupper, og variasjonen i opplevingar kan skape entusiasme hjå liten og stor.

arrow-r
Nigardsbreen.
Norsk bremuseum.

Besøkssentera

Nasjonalparken har heile tre autoriserte besøkssenter der du kan sjå, oppleve og lære meir om natur, klima og lokalsamfunn.

Kvifor er breisen blå? Er Jostedalsbreen ein rest etter istida? Korleis oppstår snøskred? Kva veit vi om klimaendringane og påverknaden på breane? Dette får du svar på hjå besøkssentera våre.

arrow-r

Innfallsportar

Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev deg ei best mogleg oppleving hjå oss.

arrow-r
Jostedalsbreen nasjonalparksenter.
Brearm.

Geologi og klima

I Jostedalsbreen nasjonalpark ser du korleis landet blir bygd, dag for dag. Isbreen skurer og slit som eit sandpapir på berggrunnen, formar landskapet og set spor på underleg vis.

arrow-r

Historisk bruk

Jostedalsbreen var tidlegare ein viktig ferdsleveg frå vestlege dal- og fjordstrok til indre Sogn og Austlandet. Kyr og hestar vart førde over breen for å seljast på marknad på Austlandet!

I dag ville det vere vanskeleg å nytte breen som drifteveg, då breen er mindre, brattare og prega av fleire bresprekker.

arrow-r
Kjenndalsbreen i 1880.
Fjell speiler seg i fjord.

Reise og overnatting

Kring Jostedalsbreen nasjonalpark er det godt tilrettelagt med mange moglegheiter for overnatting og gode måltid. Det er fleire måtar å komme seg til nasjonalparken i alle sesongar.

arrow-r
Title Address Description
Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Sandvik, 6799 Oppstryn, Norge
Breheimsenteret Jostedalen
M72G+G5 Mjolver, Norge
Norsk Bremuseum
Fjærlandsfjorden 13, 6848 Fjærland, Norge
Stryn
Stryn, Norge
Sogndalsfjøra
Sogndalsfjøra, Norge
Gjerde
Jostedalsvegen 3051, 6871 Jostedal, Norge
Oppstryn
Oppstryn, Norge
Hjelle
W46C+GR Hjelle, Norge
Loen
Loen, Norge
Olden
Olden, Norge
Byrkjelo
Byrkjelo, Norge
Skei
Skei, Norge
Hafslo
Hafslo, Norge
Gaupne
Gaupne, Norge
Tungestølen
Luster, Norge
Skålabu
6789 Skåla, Norge
Vetledalseter
6799 Oppstryn, Norge
Flatbrehytta
Vei uten navn, 6848 Fjærland, Norge
Portal-Norges-nasjonalparker

Verneområde i nærleiken:

Nigardsbreen naturreservat, Breheimen nasjonalpark, Jotunheimen nasjonalpark

Følg oss på Instagram

@jostedalsbreennasjonalpark

Allemannsretten gleder og plikter

Fribillett under ansvar

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er gratis fellesgode og ein del av kulturarven. Den gir deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av grunneigar. Naturen er for alle som viser varsemd.

Friluftsliv er ein flott del av norsk identitet. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Så lenge du viser omsyn og tar med deg avfall, sørger allemannsretten for at du kan bevega deg fritt i naturen.

Hovedprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Grunnregelen er: Vis omsyn til naturen, privat eiendom og andre turgåarar. Ikke gjer skade, og forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv.

Person vandrer i fjellet.

Allemannsretten moglegheiter og reglar:

Du kan setje opp telt eller sove under stjernene kor som helst i utmark, så lenge du er minst 150 meter fra næraste bustadhus eller hytte. Set opp teltet slik at det ikkje skadar ungskogen. Ved telting på same sted i mer enn to netter, pliktar du å spørje grunneigaren om lov, bortsett frå på høgfjellet eller langt frå busette områder.

Å tenna bål i skog og utmark er forbudt frå den 15. april til den 15. september, men lov på stader som i vannkanten, der brannfare ikkje er sannsynlig. Viss du lagar bål ved sjøen, unngå å fyre opp rett på svaberget slik at berget sprekk. Ver forsiktig med tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvister. Forlat aldri eit bål før du har forsikra deg om at det er heilt sløkkt, og hugs å rydde etter deg før du går.

I utmark kan du ferdast fritt til fots og på ski, ri eller sykle på stiar og veier, og bade, padle, ro og bruke seglbåt. Du kan plukke bær, sopp, blomar og røter av ville urter. Gjer deg kjent med vernereglane viss du er i eit naturvernområde, og ikkje plukk trua og freda planteartar.

Du kan fiske etter saltvannsfisk heile året, både fra båt og land, så lenge det er til eget bruk. Skal du fiske laks, sjøaure og sjørøye i elvar og vassdrag, må du løyse fiskaravgift til staten og vanlegvis betale fiskekort til grunneigaren.

I både innmark og utmark skal du alltid lukke grindar etter deg og vise omsyn til dyr som er på beite. Har du hund, må du respektere bandtvangen mellom 1. april og 20. august.

Meir om allemannsretten