Title | Address | Description |
---|---|---|
Jostedalsbreen nasjonalparksenter | Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Sandvik, 6799 Oppstryn, Norge | |
Breheimsenteret Jostedalen | M72G+G5 Mjolver, Norge | |
Norsk Bremuseum | Fjærlandsfjorden 13, 6848 Fjærland, Norge |
Norsk Bremuseum Fjærland
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien, som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte. Utstillingane dekkjer naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt, og syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske – alt presentert på 13 språk.
I museet kan du bli med på ei spanande reise gjennom klimahistoria, vandre under breen, og gjere dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Kvar halve time kan du sjå den fantastiske panoramafilmen om Jostedalsbreen nasjonalpark, vist på Europas største saumlause lerret.
Breheimsenteret Jostedalen
Det naturlege utgangspunktet for opplevingar som brevandring, kajakk, rafting og naturformidling i Jostedalen.
Det karakteristiske bygget byr på fantastisk utsikt til blåisen i Nigardsbreen, lunsjrestaurant, turistinformasjon og utstilling. Den interaktive utstillinga frå Jostedalen, Jostedalsbreen og Breheimen legg særleg vekt på isbrear og klima. I kinosalen blir du teke med på ei reise rundt dei mektige isbreane gjennom årstidene, frå sumar med brevandring på blåis til vinter med skikøyring i laussnø.
Jostedalsbreen nasjonalparksenter Stryn
Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark ligg i praktfulle omgjevnadar ved Oppstrynsvatnet omringa av frodige dalar og bratte fjell ved nordsida av Europa sin største fastlandsis, Jostedalsbreen. Her blir det formidla naturverdiar, kulturminne og historia om folket i og kring Jostedalsbreen nasjonalpark.
Bli med på hagevandring i den botaniske hagen og lær meir om plantane du får auge på ute i naturen.