Jostedalsbreen som turistmål
At isbreen trekkjer til seg turistar er ikkje noko nytt fenomen – tilreisande har kome til området sidan 1800-talet for å oppleve den forførande breen.
Breen har i lange tider vorte nytta som ferdsel- og drifteveg i tillegg til å vere ein turistattraksjon i seg sjølv. Ein veit ikkje kor langt tilbake i tida ferdsla på breen har føregått, men truleg var ferdsla vanleg lenge før Svartedauden.
Dei fyrste turistane
Den moderne turismen kom til Jostedalsbreområdet på siste halvdel av 1800-talet då Europa «oppdaga» fjordlandskapet og breane i Noreg. Turistane kom særleg til Fjærland og Olden med turistskipa. Herifrå det var hesteskyss frå kaien til høvesvis Bøyabreen og Briksdalsbreen. I dag er brearmane frå Jostedalsbreen av dei mest besøkte reisemåla i Noreg, og meir enn 250 000 menneske kjem til Briksdalsbreen åleine kvart år. Andre populære brear hjå turistane er Nigardsbreen, Bøyabreen og Kjenndalsbreen.
Raserte gardar
Då breen nådde eit nytt maksimum i «den vesle istida» kring år 1750 vart gardar fleire stadar tekne av den framrykkande breen: Brenndalsbreen sine ismassar kalva ned på garden Tungøyane i Oldedalen og garden Nigard vart rasert av Nigardsbreen i Jostedalen. Historiar frå menneska som opplevde den skremmande isen som nærma seg gard og heim er nedskrive for ettertida, og store kunstnarar på den tida reiste rundt og dokumenterte breane sin framvekst i vakre måleri.
Livet på og ved breen
Frå gamalt av har det vore busetnad og gardsdrift i dalane kring Jostedalsbreen. Dalane og dalsidene i området var svært viktige som slåtte-, lauvings- og beitemark. Stølsdrifta var omfattande, og jakt og fiske var viktig for å livberge seg.
Kulturlandskapet med gardar, stølar, bjørkehagar m.m. vitnar om at menneska har livnært seg under breen frå langt attende.
Jordbruket er levande i bygdene rundt nasjonalparken. Berre på nokre få stølar har stølsdrifta overlevd omlegginga til moderne jordbruksdrift.
Enkle fotturar eller krevjande breturar
Jostedalsbreområdet har lange tradisjonar som attraktivt turområde, spesielt for brevandring og toppturar. Dei seinare åra har også krevjande turar som vårskituren Jostedalsbreen på langs – gjerne med ein avstikkar til den høgaste fjelltoppen, Lodalskåpa, vorte populære. Det er mange tilbod om breføring på brearmane kring Jostedalsbreen.
Dei gamle ferdselsvegane mellom dalane kring breen gjennom til dømes Oldeskaret og Supphelleskaret er spennande fotturar. For turistane har Jostedalsbreen, særleg dei lett tilgjengelege brearmane i Briksdalen, Fjærland og i Jostedal, lenge vore eit namngjete reisemål. I Krundalen, Kjenndalen og Austerdalen går det stiar inn mot breen, nokså enkle fotturar med mykje å oppleve. Høgste fjelltoppen, Lodalskåpa (2083 moh), også kalla Vestlandsdronninga, er ein lang heildagstur som krev breutstyr og svært god kondisjon.