1. Heim
  2. Innfallsportar

Innfallsportar

Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev deg ei best mogleg oppleving hjå oss.

Besøkssentera til Jostedalsbreen
a

Meny

Logo for Femundsmarka nasjonalpark

Kontakt oss

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: jostedalsbreen@statsforvalteren.no

 

M

Meny

Det er mange innfallsportar til Jostedalsbreen nasjonalpark. Rundt nasjonalparken er det godt tilrettelagt med parkeringsplassar, informasjon og moglegheit for overnatting ved mange av innfallsportane. Profesjonelle aktørar byr på mange spennande utflukter, eller du kan leige utstyr og gå på utflukt sjølv.

Besøkssentera har lærerike utstillingar og du kan få gode råd og naturrettleiing hjå dei dyktige folka som jobbar der. Og hugs at bygdene under breen ofte er attraksjonar i seg sjølve, med natur og kulturminne som er vel verdt å utforska.

Title Address Description
Loen
Loen, Norge
Bøyabreen
Fjærlandsfjorden 13, 6848 Fjærland, Norge
Nigardsbreen
Breheimsenteret, Brevegen 8, 6871 Jostedal, Norge
Briksdalsbreen
Briksdalsbreen, Stryn, Norge
Mektig foss.

Briksdalsbreen

Briksdalsbreen stuper ned i den tronge og frodige Briksdalen inst i Oldedalen. Landskapet her, med breen, bratte fjell og fossar, har lokka turistar frå heile verda sidan midten av 1800-talet. Her er tilrettelagt med parkering, informasjon, servering og fleire turmoglegheiter. Ved besøkssenteret i Oppstryn får du god informasjon om nasjonalparken og mange andre attraksjonar i regionen.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter Oppstryn sin nettstad

Nigardsbreen

I enden av langstrekte Jostedalen slyngar Nigardsbreen seg ned mot Nigardsbrevatnet. Nigardsbreen er særleg kjend fordi den er så lett å kome til, og også mogleg å kome seg opp på med kyndig førar og rett utstyr. Det er tilrettelagt med parkering og natursti, og til og med båtskyss sommarstid på brevatnet. Ved besøkssenteret får du god informasjon om naturreservatet og nasjonalparken som det grensar til.

Breheimsenteret Jostedalsbreen sin nettstad

Nigardsbreen.
Bøyabreen.

Bøyabreen

Bøyabreen syner seg fram mot Bøyadalen i Fjærland, og ligg like ved riksveg 5 – det er vanskeleg å ikkje få auge på den blåkvite isveggen som møter deg! Her er tilrettelagt med parkering og turmoglegheiter, og besøkssenteret like ned i Fjærlandsdalen kan gi deg rettleiing om nasjonalparken og andre attraksjonar i nærleiken.

 

Loen

Loen er eit av dei mest besøkte reisemåla på Vestlandet med mange moglegheiter for eit aktivt opphald. Loen og områda rundt er eit naturleg utgangspunkt for mange nasjonalparkopplevingar.

Loen active sin nettstad

Loen.