1. Heim
  2. Om nasjonalparken

Om nasjonalparken

Jostedalsbreen nasjonalpark er av dei største områda med villmark i Sør-Norge. Breen er omgjeve av eit mektig landskap med store kontrastar innafor korte avstandar og byr på naturopplevingar du aldri vil gløyme.
a

Meny

Logo for Femundsmarka nasjonalpark

Kontakt oss

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: jostedalsbreen@statsforvalteren.no

 

M

Meny

Store område dekka av is

Jostedalsbreen nasjonalpark dekkjer eit område på 1315 kvadratkilometer mellom to av verdas lengste fjordar, Sognefjorden og Nordfjord.

Sjølve Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa og dekkjer meir enn 470 kvadratkilometer.

Brosjyre med kart over Jostedalsbreen nasjonalpark

Person på tur.

Fleire brear utgjer nasjonalparken

I tillegg til Jostedalsbreen er der fleire mindre brear i nasjonalparken, mellom anna Grovabreen, Myklebustbreen og Jostefonni.

Verneområdet har ei samanhengande lengde på vel 6 mil og om lag halvparten av nasjonalparken er dekt av is.

Austerdalsbreen

Isbrear oppfører seg som ei elv av is som sig sakte ned frå toppen av platået. I det isen bevegar seg nedover grunna tyngdekrafta, vert toppen av isen oppsprukken og syner fram den eldre blåisen som har sige nedover dalane over lang tid. Kan hende er blåisen du ser på fronten av breen over tusen år gammal!

Personer vandrer på isbre

Dyreliv

Frå isbreane og ned til dei frodige dalbotnane i nasjonalparken er det store skilnader i temperatur og nedbør over korte avstandar, dette gjev mange ulike økosystem som igjen gjev eit rikt og variert dyreliv. I dei bratte skogliene i dalføra inn mot breen finn me fleire sjeldne fugleartar som t.d. kvitryggspett. Her er også gode hjortebestandar. Fleire av dei store rovdyra som gaupe og jerv er og å finne i området. Bjørnen har også streifa innom austfrå innimellom.

Villrein finn me fleire stader i og rundt nasjonalparken. Områda heilt aust i nasjonalparken er del av Reinheimen-Breheimen villreinområde. Fjellområda aust for Grovabreen er viktige vinterbeiteområde for villrein.

Villrein finner mat på snøen.

Sjå opp!

For fugleinteresserte har området mykje å by på – så ta med kamera og kikkert. Kongeørn og havørn er ikkje uvanleg å sjå rundt Jostedalsbreen, og i gode smågnagarår hekkar fjellvåk og tårnfalk fleire stader i området.

 

Kvitryggspett og blåstrupe

Fleire stader i nasjonalparken, som til dømes ved Fåbergstølsgrandane, Langedalen i Luster og i Erdalen finn vi deltaområde og flaummarksskog som kan vere viktige hekkeplassar for vadefuglar. Det er stadvis mykje myr der ein kan rekne med å finne ulike artar av våtmarksfugl. I dalføra der ein finn rikare skogsbiotopar, er det registrert fleire truga og sjeldne fugleartar som t.d. kvitryggspett.
I skogliene rundt breen har fleire spetteartar sine leveområde som flaggspett og dvergspett. Dei frodige lauvliene er gode levestader for ulike songarar og sporvefuglar. Er du heldig kan du høyre og sjå den vakre blåstrupehannen i eit vierkratt i dalbotnen inn mot breen.

Havørn svever i lufta.
Kvitryggspett, fugl i tre.

Flora

Vegetasjonen i nasjonalparken er prega av store lokalklimatiske variasjonar grunna dei store høgdeskilnadane og påverknaden frå breane. Det er også stor variasjon i floraen frå aust til vest i området. Ein finn varmekrevjande og artsrike plantesamfunn i låglandet og alpin vegetasjon i høgfjellet.

Fjellsmelle.

Plantar

Framfor bretungene i låglandet set pionerplanter som raudsildre og brearve farge på det grå landskapet. Plantene si naturlege innvandring når breen trekkjer seg tilbake i dalane er ein viktig grunn for vernet som nasjonalpark.

 

Frodige skogar

I dalbotnane kan du vandre i frodige edellauvskogar med alm, lind og varmekrevjande planter som breiflangre og vårerteknapp, medan 1500 m høgare veks alpin vegetasjon med issoleie og greplyng.

I det gamle kulturlandskapet veks det fort opp gråor. Denne arten finn vi og i verneverdig flaummarkskog i lag med hegg, bjørk og rogn. Flaummarkskogen på dei slake breelveslettene er tilpassa elvane si skifting i vassføring og elveløp og utgjer ein særleg kvalitet i nasjonalparken.

 

Vakre formar og fargar

Mange typar lav og sopp trivast innanfor nasjonalparken. Det er lov å plukke bær og matsopp innanfor nasjonalparken, ein spennande aktivitet for små og store!

Kartlav er ein karakteristisk lavart som forskarane nyttar til å tidfeste kor lenge det er sidan breen har trekt seg tilbake. Den veks ved ei viss hastigheit for kvart år når det er isfritt rundt seg, og ved å måle diameteren til kartlav som veks på steinar kan ein rekne seg fram til kor lenge det er sidan breen trekte seg vekk frå staden. Kan hende du vil prøve å måle sjølv?

Greplyng.
Rypebærlyng.

Forvaltning av verneområdet

Føremålet med Jostedalsbreen nasjonalpark er å verne eit stort, variert og verdifullt breområde med tilhøyrande område. Vernet omfattar naturen frå lågland til høgfjell, med plante- og dyreliv, og geologi i naturleg eller i det vesentlege naturleg tilstand. Samstundes omfattar vernet kulturminne og kulturlandskap. Nasjonalparken skal gje høve til naturopplevingar gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging.

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre

Familie på tur.