1. Heim
  2. Opplevingar og aktivitetar

Opplevingar og aktivitetar

Eit møte med isbreen gir minne for livet! Å spenne på seg stegjarn og kjenne på breisen er noko heilt eige. Nasjonalparken er også fin å utforske med ski på beina. Eller vil du heller rusle ein tur inn ein frodig stølsdal og nyte stilla? Nasjonalparken er tilrettelagt for alle brukargrupper, og variasjonen i opplevingar kan skape entusiasme hjå liten og stor.

Visit Sognefjord Visit Sunnfjord Visit Nordfjord
a

Meny

Logo for Femundsmarka nasjonalpark

Kontakt oss

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: jostedalsbreen@statsforvalteren.no

 

M

Meny

Brevandring

Om sommaren kan du vandre på blåisen og fleire profesjonelle firma tilbyr turar for både små og store ved fleire av brearmane. Utan naudsynt kunnskap og breutstyr er ferdsel på bre farleg.

Har du nokosinne gått inn under breen vinterstid og sett korleis isen formar berget under? Om vinteren dannast vakre blåisgrotter under breen. Vil du oppleve dette bør du leige ein kyndig førar.

For meir informasjon om kva som er mogleg i dei forskjellige regionane, sjå på tilboda hjå destinasjonsselskapa og besøkssentera.

Klikk her for oversikt over årets tilbod om guida turar på breen

Nigardsbreen, folk på bretur.
Barn på tur.

Fotturar

Om sommaren kan du gå dagstur på godt tilrettelagde stiar i dalføra, og du kan oppleve beitande dyr i kulturlandskapet. Eller fristar det å prøve seg på brattare stiar som gir utsikt frå toppen og mjølkesyre i låra?

«Josten på langs»

Vårskiklassikaren “Josten på langs” gir opplevingar langs heile høgdegradienten frå den grøne og frodige dalbotnen til det kvite breplatået. Her kan du oppleve villmarka og alle dei fire årstidene på ein og same tur, og verkeleg få meistringskjensle!

Skitur, josten på langs.
Person padler kajakk.

Padling og rafting

Padlar du kajakk har du tid til å nyte naturen. Å padle framfor ein kalvande bre er ei unik oppleving for dei fleste. Kombinert med ein tur på breen får du innsikt i korleis vatn og is stadig formar landskapet i nasjonalparken.

Ville elvar er spennande å utforske i raftebåt. Torer du kjenne på det kalde smeltevatnet?

Populære aktivitetar

Her kan du bli med på kjekke aktivitetar med eller utan guide.

Blåistur for barn på Nigardsbreen

Denne korte blåisturen passar perfekt for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på den lett tilgjengelege Nigardsbreen.

Les meir om turen

Barn på bretur.

Fottur i Bøyadalen

Bøyabreen ser du på nært hald frå riksvegen. Fotturen inn mot Bøyabreen er enkel og familievenleg i spektakulære omgjevnader. Du kan og gå ein tur gjennom frodig vestnorsk lauvskog til Andersbenken der det er eineståande utsikt mot Bøyabreen.

Les meir om turen

Isbre, personer på tur.

Brevandring på Haugabreen

Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i nasjonalparken, og du får ein fin fottur inn Haugadalen som er ein sidedal til Stardalen.

Les meir om turen

Stegjern.

Fottur i Kjenndalen

I enden av Lovatnet finn du Kjenndalen og Kjenndalsbreen. Køyreturen gjennom Lodalen til isbreen er vakker i seg sjølv med utsikt til det fortryllande grønblå vatnet.

Les meir om turen

Kjenndalen_Foto-Maria-Knagenhjelm

Isgrotta under Nigardsbreen

I Jostedalen kan du bli med erfarne guidar inn i blåisgrotta som opnar seg under Nigardsbreen om vinteren.

Les meir om turen

Grotte i Nigardsbreen.

Fottur til Austerdalsbreen

«The finest ice-scenery in Europe» ifølgje den engelske klatrepioneren William Cecil Slingsby. Fotturen frå Tungestølen fram til Austerdalsbreen tek deg gjennom vakkert morenelandskap fram den spektakulære brearmen, der du også kan nyte synet av brefalla Loke, Odin og Tor.

Les meir om turen

Isbre.

Fottur til Skåla

Vil du prøve deg på Norges lengste motbakke? Her får du smake på over 1800 høgdemeter frå start nede ved fjorden og opp til toppen som ligg på 1848 moh. Men for ei utsikt – finare påskjøning skal ein leite lenge etter!

Les meir om turen

Skåla.

Fottur i Bergsetdalen

Ein tur som høver godt for familiar med småbarn. I enden av vakre Bergsetdalen ligg den majestetiske Bergsetbreen. Undervegs ser du også Tuftebreen og Baklibreen.

Les meir om turen 

Jente går på bru over bekk.