1. Heim
  2. Reise og overnatting

Reise og overnatting

Kring Jostedalsbreen nasjonalpark er det godt tilrettelagt med mange moglegheiter for overnatting og gode måltid. Det er fleire måtar å komme seg til nasjonalparken i alle sesongar.
a

Meny

Logo for Femundsmarka nasjonalpark

Kontakt oss

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: jostedalsbreen@statsforvalteren.no

 

M

Meny

Title Address Description
Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Sandvik, 6799 Oppstryn, Norge
Breheimsenteret Jostedalen
M72G+G5 Mjolver, Norge
Norsk Bremuseum
Fjærlandsfjorden 13, 6848 Fjærland, Norge
Stryn
Stryn, Norge
Sogndalsfjøra
Sogndalsfjøra, Norge
Gjerde
Jostedalsvegen 3051, 6871 Jostedal, Norge
Oppstryn
Oppstryn, Norge
Hjelle
W46C+GR Hjelle, Norge
Loen
Loen, Norge
Olden
Olden, Norge
Byrkjelo
Byrkjelo, Norge
Skei
Skei, Norge
Hafslo
Hafslo, Norge
Gaupne
Gaupne, Norge
Tungestølen
Luster, Norge
Skålabu
6789 Skåla, Norge
Vetledalseter
6799 Oppstryn, Norge
Flatbrehytta
Vei uten navn, 6848 Fjærland, Norge

Offentleg transport

Avhengig av kvar du skal, er det mogleg å kome seg fram med bil, sykkel, kollektivtransport eller ved fly.

I sommarsesongen er det fleire moglegheiter for å nytte kollektivtransport, og i både Briksdalen, Fjærland og Jostedalen er det eigne tilbod om «brebussar».

På Kringom finn du informasjon om kollektivtilbodet rundt omkring i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Her kan du søke i reiseplanleggar og finne informasjon om rutetider, billettar og prisar.

Entur.no samlar informasjon om kollektivtransport i Norge.

Besøk også destinasjonsselskapa sine nettsider for meir informasjon om kollektivtilbod: Visit Sognefjord, Visit Sunnfjord og Visit Nordfjord

Oppstrynsvatnet.

Overnatting

Det er mange flotte overnattingsmoglegheiter kring nasjonalparken, fellesnemnaren for dei fleste er spektakulære omgjevnader!

Du kan overnatte på campingplassar og turisthotell som passar ein kvar smak og prisnivå ved mange stader kring breen. For full oversikt over overnattingsmoglegheiter, besøk destinasjonsselskapa sine nettsider.

Visit Sognefjord

Visit Sunnfjord

Visit Nordfjord

Tungestølen turisthytte.

Turlagshytter

Føretrekk du å gå til fots fram til overnattingsstaden finst her turlagshytter med anmarsjar som strekk seg frå 0 til over 1800 vertikale høgdemeter. Kva med å vakne opp på nye Tungestølen Turisthytte med sine spesielle arkitektur eller på toppen av Skåla og nye Skålabu der du kan nyte soloppgongen frå 1850 meters høgd?

Nokre av hyttene lista her er DNT-hytter og nokre er eigd av lokale turlag. Merk at nokon av hyttene krev førehandsbestilling og at du har med nøkkel. Her finst både betjente og ubetjente hytter.

Tungestølen turisthytte

Skålabu

Flatbrehytta

Vetledalseter

Flatbrehytta.