1. Heim
  2. Geologi og klima

Geologi og klima

I Jostedalsbreen nasjonalpark ser du korleis landet blir bygd, dag for dag. Isbreen skurer og slit som eit sandpapir på berggrunnen, formar landskapet og set spor på underleg vis.
a

Meny

Logo for Femundsmarka nasjonalpark

Kontakt oss

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: jostedalsbreen@statsforvalteren.no

 

M

Meny

Grunnfjellet – «kjedeleg» gråstein?

Under isbreane ligg grunnfjellet. Det består for det meste av gneis, på folkemunne også kjend som «gråstein». Denne bergarten kan nok verke både grå og kan hende kjedeleg for den urøynde, men historia om korleis den har hamna her er spennande!

Eldgamle brøddeigar!

Grunnfjellet her er fleire stader over 1 milliardar år gammalt! Over denne tida har berggrunnen vorte flytta over lange avstandar og knadd og elta som ein brøddeig av sterke indre krefter i jorda. Summen av desse prosessane har gitt berggrunnen dei vakre formene og mønstra me kan sjå i dag.

Båndgneis, steinformasjoner.

Isbrear og klima

Brear vert danna som følgje av overskot med snø om vinteren i høve til smeltinga om sommaren. Det kan vere kaldt, skya og vindfullt oppå breen, samstundes som det er varmt, sol og vindstille i dalane. Dei karakteristiske sprekkane du ser på isen kjem av at bre-is alltid er i bevegelse, som ei seig elv av is, og det er det tyngdekrafta som står bak.

Isbre.

Er Jostedalsbreen ein rest frå istida?

Sist istid enda for 11 700 år sidan. Forskarar finn at Jostedalsbreen, til liks med alle breane i Noreg, var heilt smelta vekk under ein varmeperiode frå 8000 til 5000 år sidan. Så vart det igjen kaldt nok til at noko snø overlevde sommarsesongen og breen kunne byggjast opp att på nytt.

 

«Den vesle istida»

Under «den vesle istida», ein kald periode frå om lag år 1300 – 1850, var breen på sitt mektigaste sidan sist istid. Endemorenane som viser utbreiinga til breane på denne tida er ofte dei tydelegaste og ytste moreneryggane me ser i dalane kring Jostedalsbreen og blei stort sett danna kring år 1750. Den vesle istida var ikkje ei ekte istid, men ein kald periode då det også var ei auke av naturfarar som snøskred i tillegg til uår og avlingssvikt for dei som budde kring isbreen. Fleire stader vart gardar tekne av den framrykkande breen: Brenndalsbreen sine ismassar kalva ned på garden Tungøyane i Oldedalen og garden Nigard vart rasert av Nigardsbreen.

Nigardsbreen 1834. Tegning av Johannes Flintoe/ Nasjonalmuseet

Landskap og lausmassar

U-forma dalar, morenar, blankskurde fjellsider, breelvsletter, rasmarker og urer – i uminnelege tider har is og vatn forma eit landskap i stadig endring. Breane og smeltevatnet har danna ein mengde med morenar og andre geologisk interessante formasjonar som er del av verneføremålet til nasjonalparken og viktige å bevare. Fåbergstølsgrandane er den største aktive breelvsletta i Noreg og ein svært interessant stad å studere utviklinga av vegetasjonen og dei stadig skiftande breelveløpa.

Fjelldal.

Morenar

I tider då breane trekte seg attende, slik som etter den største isutbreiinga under «den vesle istida», har breane óg hatt periodar då brefronten anten stod i ro eller hadde mindre framrykk att. I slike periodar avsette breen fleire markerte moreneryggar. Desse «augneblikksbileta», som syner kor langt ut breen strakk seg tidlegare, kan gi spennande turterreng å vandre i for dei som fyrst har fått auga opp for landskapet rundt seg. Di nærare breen ein går, di yngre er moreneryggane. Kanskje har du med deg små detektivar på tur som kan spore breen si tilbaketrekking oppover dalen?

 

Syndeflod og guddommeleg straff?

Rundt om i landskapet, og særleg på fjellparti kring isbreen, kan ein plutseleg støyte på svære steinblokker «ut av det blå» – gjerne av annan berggrunn enn den omkringliggjande. Tidlegare forklaring  gjekk ut på at det var syndefloda som hadde lyfta blokkene til den høgda dei vart plassert. I dag veit me at desse blokkene, som forskarane kallar «flyttblokker», vart lyfta og frakta av innlandsisen ved siste istid. Når isen smelta vekk  vart blokkene liggjande att på staden. Dermed kan me finne steinblokker oppå fjellparti som elles ikkje ligg lagleg til for steinsprang – gjerne som «svevande» blokker oppå mindre steinar!

Landskap med morenerygg og isbre.
Steinblokk.

Vatn og is

Området er prega av vatn i fri flyt! Du ser små sildrande bekker, høge fossefall og buldrande elvar. Dyrelivet treng den store variasjonen i naturen for å overleve.

Foss i fjellandskap.

Kvifor er brevatna smaragdgrøne?

Sandkorn og grus som fryst fast i botnen av isbreane skurar som eit sandpapir på berggrunnen. Det finkorna «steinmjølet» som vert danna, vert spylt vekk av smeltevatnet og hamnar i breelva og i brevatna, og til slutt i fjorden. Dette finkorna «mjølet», som geologane kallar silt og leire, reflekterer sollyset slik at elvane og breane får ein vakker, smaragdgrøn farge.

Under isbre.